Forfattere: Trond Bjørndal1, Rannvá Danielsen1+2 og Erik Nesset3
(1) SNF, Hellevegen 30, 5045 Bergen
(2) NORSUS, Stadion 4, 1671 Kråkerøy
(3) NTNU – Institutt for internasjonal forretningsdrift, 3 etg. Kompasset, 6025 Ålesund
Økonomisk fiskeriforskning, 33:1-2023, pp. 53-68
Referanse: Bjørndal, T., Danielsen, R. & Nesset, E. (2023), Økonomisk fiskeriforskning, 33: 1-2023, pp. 53-68
Sammendrag
Produksjon og eksport av klippfisk er ei viktig distriktsnæring i Noreg med tradisjonar som går fleire hundre år tilbake. Tyngdepunktet for produksjon er på Nordvestlandet, men store delar av råstoffet kjem frå Nord-Noreg, slik at næringa har mykje å seie for verdiskaping og sysselsetjing også der. I denne artikkelen analyserer me verdiskaping i klippfisknæringa for perioden 2009−2020 og vurderer konsekvensane av Covid for næringa. Eksportverdien av klippfisk utgjorde i 2019 kr 4,76 milliardar, den største verdi i næringa si historie, men vart redusert med 9,6 % i 2020 til kr 4,31 milliardar. I artikkelen estimerer ein verdiskaping i heile verdikjeda for klippfisk, det vil si fangst, foredling og eksport. I tillegg gjev ein estimat av ringverknadar.
Abstract in english
Production and exports of salted & dried cod is an important district industry in Norway with traditions that go back for centuries. North-Western Norway is the centre for production, but large parts of the raw material come from Northern Norway. Thus, the industry is important for value creation and employment also in that area. In this article we analyse value creation in the salted & drid cod industry for the period 2009-20 and also consider the impact of Covid on the industry. Exports of salted & dried cod amounted to NOK 4.76 billion in 2019, the highest value ever recorded, but was reduced by 9.6% in 2020 to NOK 4.31 billion. In the article we present estimates of value creation and employment in the entire value chain, in other words, harvesting, processing and exports. Estimates of secondary effects are also given.
Finansiering: NFR, 324685 COVID-19
Innhold
Innleiing
Produksjon og eksport av klippfisk er ei viktig distriktsnæring i Noreg med tradisjonar som går fleire hundre år tilbake (Gjærde, 2015). Likevel er kunnskapsgrunnlaget lite når det gjeld dei verdiane denne næringa skapar. I denne artikkelen vil me analysere verdiskaping i klippfisknæringa med grunnlag i rekneskapsdata for alle bedrifter i næringa for perioden 2009−2020.
Eksportverdien av klippfisk auka frå kr 3,065 milliardar i 2009 til kr 4,76 milliardar i 2019, den største verdi i næringa si historie. Deretter vart eksportverdien redusert til kr 4,31 milliardar i 2020, ein nedgang på 9,6 % frå 2019. Eksporten av saltfisk derimot auka frå 1,28 milliardar i 2019 til 1,44 milliardar i 2020. Samla eksportverdi for klippfisk og saltfisk vart redusert frå 6,05 milliardar i 2019 til 5,75 milliardar i 2020. Eksporten av klippfisk og saltfisk utgjorde i 2020 cirka 5,4 % av total norsk fiskeeksport (5,6 % i 2019) som i 2020 representerte omlag NOK 105,7 milliardar og omlag 18,2 % av fiskeeksporten utanom oppdrettsfisk (19,6 % i 2019).
Det er truleg at nedgangen i klippfiskeksporten i 2020 har samanheng med Covid-pandemien. Eksportkvantumet i 2020 var 83 410 tonn mot 91 681 tonn i 2019. I 2021 auka eksporten til 91 102 tonn og verdien til kr 4,53 milliarder, slik at eksportprisen gjekk noko ned. Denne utviklinga har og truleg samanheng med Covid. Fleire faktorar hadde innverknad på den negative utviklinga i 2020. På produksjonssida var det til tider ei stor utfordring å få tilstrekkeleg med arbeidarar. Logistikken, særleg eksport til oversjøiske marknadar, var og krevjande. I tillegg var særleg Horeca-sektoren svekka i fleire av dei viktigaste eksportmarknadane.
Nordvestlandet er i dag tyngdepunktet for norsk klippfiskproduksjon og eksport. Omlag 90 % av klippfisken vert skipa ut frå Ålesundsområdet (Gjærde, 2015). Ei empirisk analyse av Bjørndal, Nesset og Pasquine (2017) viser at det er ei klynge av klippfiskprodusentar i Ålesund-regionen som representerer størstedelen av produksjonen og verdiskapinga i næringa. Som Richardsen m.fl. (2018) viser, er klippfisk den største produktkategorien i norsk kvitfiskindustri. Medan filetindustrien har hatt store problem med lønsemd og kraftig nedgang i talet på anlegg, har klippfiskproduksjon faktisk auka i aktivitet og betydning.
Klippfisk – eller bacalhau som det er kjend som i land som Portugal og Brasil (bacalao i Spania) – er salta og turka fisk i hovudsak produsert av torsk og sei. Verdikjeda innanlands er samansett av fangst, foredling og eksport ettersom meir enn 95 % av produksjonen vert eksportert.
Klippfisk er eit dyrt produkt der ein gjennom produksjonsprosessen må sikre best mogeleg kvalitet. Dette krev faglærd arbeidskraft. Kvalitet kjem an på fleire faktorar inkludert art, kvalitet og storleik på fisken. Ifylgje Rickardsen mfl. (2018), har industrien makta å gjennomføre stadige betringar i kostnadseffektivitet og arbeidskraftproduktivitet, noko som har vore vesentleg for å oppretthalde konkurranseevne mot andre produsentland. Produksjonen kjem likevel ikkje berre an på tilgangen av fisk, men og preferansane i marknaden. Medan Portugal etterspør klippfisk av torsk, er over halvparten av konsumet i Brasil klippfisk av sei, noko som skuldast lågare pris (Raggi mfl., 2016).
Sjølv om tyngdepunktet for produksjon er på Nordvestlandet, kjem store delar av råstoffet frå Nord-Noreg, slik at næringa har mykje å seie for verdiskaping og sysselsetjing også der.
Føremålet med denne analysen er å estimere verdiskaping i verdikjeda for klippfisk for perioden 2009−2020 og vurdere konsekvensane av Covid for næringa. Analysen er ei oppdatering og vidareføring av Bjørndal, Ekerhovd og Bjørndal (2014) og Bjørndal, Bjørndal og Ekerhovd (2017). Ein vil og sjå på ringverknader som næringa gjev opphav til.
Artikkelen er bygd opp som fylgjer. Del ein gjev ei kort oversikt over verdikjeda for klippfisk. Estimat av verdiskaping og sysselsetjing i næringa vert presentert i del to. Det vert og gjeve estimat over ringverknadar i form av bidrag til brutto nasjonalprodukt og sysselsetjing. I del tre vert det gjeve ei oppsummering, inkludert samanlikning med fiskeforedling generelt og Fastlands-Noreg under eitt. Metoden for måling av verdiskaping vert presentert i vedlegg ein, med vedlegg to gjev meir detaljert eksportstatistikk.
Alle verdiar er i nominelle kroner.
Verdikjede og næringsstruktur
Klippfisk vert produsert i Noreg, men omtrent heile produksjonen vert eksportert. Fokus for denne analysen er den innanlandske verdiskapinga, slik at me ikkje ser på kva som skjer etter at ferdigprodukta vert eksportert.
Figur 1 viser den innanlandske verdikjeda for klippfisk. Det er tale om tre ledd. Fyrste ledd er fangst av råstoff, i hovudsak torsk og sei, men òg brosme og lange(1). Denne råvara vert levert som fersk eller frose produkt til foredlingsbedrifter, der fisken vert salta og turka til klippfisk. Ferdigprodukta vert deretter eksportert, noko som inneber sal og transport. Desse tre delane av verdikjeda kan verte utførte av ulike føretak, med kjøp og sal mellom dei ulike ledda. Alternativt kan to eller jamvel alle tre ledda utførast i vertikalt integrerte føretak.
Ei alternativ verdikjede er salting av fisk som så vert eksportert som saltfisk. Dette produktet kan konsumerast meir eller mindre direkte. Alternativt kan det verte turka til klippfisk i utlandet som til dømes er tilfellet i Portugal (Bjørndal mfl., 2016).
Fangst og produksjon
Tabell 1 viser fangst av dei viktigaste fiskeslaga nytta i klippfiskproduksjonen landa frå norske fartøy 2009−2020. Torsk er det klart viktigaste fiskeslaget med sei som nummer to. I samanlikning er fangstane av brosme og lange rimeleg avgrensa.
Bjørndal, Bjørndal og Ekerhovd (2017) gjev anslag over bruk av råstoff til foredling av klippfisk for perioden 2009−2014. Dette er gjort på grunnlag av eksportstatistikken med omrekning til rund vekt. I denne perioden varierer årleg råstoffbruk mellom 294 000–342 000 tonn. Brukar ein same metode(2) finn ein at råstoffbruken i 2019 var 315 000 tonn med ein nedgang til 285 000 tonn i 2020. Estimatet for 2020 kan representere ei undervurdering av næringa sin råstoffbruk, ettersom ein grunna Covid truleg hadde større lageroppbygging enn normalt.
Når ein samanliknar desse estimate av næringa sin råstoffbruk med fangsttala i tabell 1, vil ein sjå at over halvparten av fangsten av desse artane går til klippfisk. Dette er i samsvar med estimat gjort av Norsk Fiskerinæring(3), som viser at i perioden 2004−2015 gjekk nær halvparten av samla landinger av torsk, sei, lange og brosme til klippfiskindustrien, det vil si 3,6 millionar tonn av totalt 7,6 millionar tonn. Likevel kan ein ikkje direkte samanlikne desse estimata med fangststatistikken ettersom ein del av råstoffet kan vere importert, til dømes frå Russland. Uansett er det klart at leveransar til klippfisknæringa representerer ein stor del av fangstane av desse fire artane og særleg av sei, brosme og lange.
Figur 2 viser totaleksport av klippfisk for 2009−2021 og gjennomsnittleg eksportpris. Kvantumet auka frå 87 000 tonn i 2009 til 97−98 000 tonn per år i perioden 2010−2014. I 2017−2019 varierte eksporten mellom 89−92 000 tonn per år med ein nedgang til 83 410 tonn i 2020. Eksporten tok seg opp igjen til 91 102 tonn i 2021. Eksportprisen var kr 51,72/kg i 2020, ein svært liten nedgang frå 2019, men vart redusert til kr 49,72/kg i 2021. I vedlegg 2 vert det gjeve meir detaljert informasjon om eksport av dei ulike råstoffartane for perioden 2009−2021.
Når ein ser på samansetjinga av eksporten, er torsk klart viktigast når det gjeld verdi, medan sei er størst i kvantum. I 2020 vart det eksportert 29 489 tonn torsk til ein verdi av kr 2,46 milliardar mot 35 619 tonn til ein verdi av kr 2,93 milliaradar i 2019. Eksportkvantum auka til 31 624 tonn i 2021, men verdien var uendra ettersom prisen vart redusert. For sei vart kvantumet redusert frå 49 054 tonn i 2019 til 46 022 tonn i 2020, men med ein auke til 50 238 tonn i 2021. Eksportverdien var omlag uendra frå 2019 til 2020, men auka til kr 1,70 milliardar i 2021 – ein auke på 11 % samanlikna med 2020.
Samla eksport vart redusert frå 91 681 tonn i 2019 til 83 410 tonn i 2020, ein nedgang på 9,0 %, men auka so til 91 102 tonn i 2021. Som alt nemnt, skuldast dette truleg Covid. Eksportpris kr 51,72/kg i 2020, omtrent uendra frå kr 51,91/kg i 2019, men med ein reduksjon til kr 49,72/kg i 2021. Dette tyder på at Covid påverka kvantum meir enn pris, og at torsk vart påverka meir enn sei, kanskje fordi torsk er eit dyrare produkt.
Verdiskaping og sysselsetjing i verdikjeda for klippfisk
Verdiskaping innan produksjon
Det er henta inn rekneskapstal frå Brønnøysundregistera for føretak i klippfisknæringa. Det vert her skilt mellom føretak som er produsentar, men kanskje og eksportørar og føretak som er reine eksportørar. Det er stor grad av vertikal integrasjon mellom produsentane og eksportørane slik at eit eksportføretak kan vere eigd av ein produsent. Truleg er det i oversikten berre få «reine» eksportørar(4).
Frå føretaka sine rekneskap er det henta inn driftsresultat og lønskostnader som mål på verdiskaping. I tillegg vert utbetalingar til tilsette, staten og kapitaleigarar estimert. Ettersom denne summen er lik verdiskaping, inneber dette òg ei kontrollrekning av resultatet. Metoden for estimering av verdi¬skaping er forklart i vedlegg ein.
I perioden ein ser på er 31−33 produsentar i næringa (tabell 2). Det er stor stabilitet i næringa over tid med lite entry/exit. Produksjonsverdien (salsverdi) auka over perioden frå 4,4 milliardar kr i 2009 til knapt 7,2 milliardar kr 2020. Dette inneber at produksjonsverdi i tabell 2 inkluderer annan produksjon enn klippfisk, noko me skal kome tilbake til seinare. Talet på tilsette varierer mellom 770−911.
Verdiskapinga til desse føretaka utgjorde 500,7 millionar kr i 2009 eller 11,3 % av produksjonsverdien. Verdiskapinga vart redusert til 359,2 millionar kr i 2012 (6,8 % av produksjonsverdien), det svakaste året for næringa i denne perioden. Dette auka til heile 886,4 i 2014 (14,7 % av produksjons¬verdien). I 2019 var verdiskapinga 752,8 millionar kr (9,5 % av produksjonsverdien) med ein reduksjon på heile 30 % i 2020 til 521,6 millionar kr. Medan verdiskapinga utgjorde 9,5 % av produksjons¬verdien i 2019, vart dette redusert til 7,2 % i 2020. Denne utviklinga skuldast truleg Covid.
Ut frå tabellen kan ein sjå at den relative delen av verdiskapinga til dei tilsette typisk er større når verdiskapinga er mindre. I 2012, året verdiskapinga var på sitt lågaste, gjekk heile 77 % av verdiskapinga til dei tilsette.
Staten får store inntekter frå næringa både i absolutte verdiar og som del av verdiskapinga. I dei fleste åra får staten rundt 30 % av verdiskapinga, med 2009 som eit ytterpunkt då 2/3 av verdiskapinga gjekk til staten.
«Til kapital» varierer med verdiskapinga, både i absolutte og relative verdiar. Einskilde år er «til kapital» negativ, noko som inneber at kapitaleigarane tilfører midlar til føretaket. Dette kan ein særleg observere for 2012, og i noko mindre grad for 2009. I år med positiv «til kapital» er utbyte som regel rimeleg lågt, medan tilbakehalde overskott dei tre fyrste åra er svært stort. Dette medvirkar til å styrke soliditeten til føretaket.
Tabell 3 viser den fylkesvise fordelinga av verdiskapinga. To føretak høyrer heime i Finnmark og to i Troms; alle andre i Møre og Romsdal. Det inneber at det vesentlege av verdiskapinga og sysselsetjing innan foredling skjer i Møre og Romsdal. I 2020 skjedde 87 % av verdiskapinga i Møre og Romsdal.
Når ein ser på enkeltføretak, viser det seg å vere svært stor variasjon mellom bedriftene (tabell 4). Medan gjennomsnittleg sysselsetjing er mellom 23−36, varierer dette mellom eit minimum på null og eit maksimum på 151(5) . Eigenkapitaldelen er i snitt 0,38−0,50, noko som må karakteriserast som høgt samanlikna med norsk næringsliv generelt. Ettersom produksjon av klippfisk er ei konkurranseutsett næring er det viktig med stor eigenkapital.
Verdiskaping innen eksport
Det er registrert 10 eksportføretak for åra 2009 til 2017 og ni sidan 2018 (tabell 5). Verdiskapinga varierer over tid, og ein merkar seg at 2016 var eit svakt år. Det var og sterk reduksjon i verdiskapinga frå 2019 til 2020. Vidare vart talet på tilsette nesten halvert. Alle eksportføretaka høyrer heime i Møre og Romsdal.
Samla verdiskaping i verdikjeda for klippfisk
Samla verdiskaping i verdikjeda har auka frå vel 2 milliardar kr i 2009 til knapt 3 milliardar kr i 2014. Fram til 2019 varierte verdiskapinga mellom 2 500−2 700 millionar kr (tabell 6) med ein reduksjon til 2,2 milliardar kr i 2020. Av dette kjem omlag to-tredelar på fangstleddet og ein-tredel innan foredling og eksport. Ut frå eksportstatistikken er det grunn for å tru at verdiskapinga auka i 2021 samanlikna med 2020.
Samla syttelsetjing har vist ein auke frå 2 820 i 2009 til 3 443 i 2011. Deretter har årleg sysselsetjing variert mellom 3 000–3 400, med ein reduksjon i 2019 og 2020 (tabell 7).
Når det gjeld framtidig konkurranseevne, har næringa råvarefleksibilitet ved bruk av både ferskt og frose råstoff, i tillegg til tilgjenge til fleire ulike råstoffartar. Richardsen mfl. (2018) viser og til klippfiskindustrien sine investeringar i produksjonskapasitet for saltfisk, som gjer industrien godt rusta til å utgjere ein viktig aktør i kvitfisksektoren også i framtida. Framtidig konkurransekraft føreset vidare fokus på prosessautomatisering og effektiv drift, som vanligves også vil innebere vidare konsolidering av næringa.
Som nemnt er klippfisk eit eksportprodukt, noko som gjer at næringa vert påverka av utviklinga i valutakursar. Ein hovudkonklusjon i Nyrud mfl. (2016) er at sjømatsektoren – inkludert klippfisk – er eksponert for langt større valutavariasjonar enn annan norsk eksportindustri. Svekkinga i kursen på norsk krone dei seinare åra mot dollar og euro har virka positivt på næringa, men ein kan naturlegvis ikkje sjå bort frå at denne utviklinga vil endre seg.
Resultata som vert presentert i denne artikkelen tyder på at Covid hadde liten innverknad på næringa. Bertheussen (2023) undersøkjer korleis eksportinntektene til sjømatnæringa generelt har vore påverka av Covid. Det vert konkludert med at eksportinntektene til næringa til og med 2021 ikkje har vore sårbare for Covid – tvert i mot viser rekordinntekter i 2021 at eksporten er svært robust. Ei svak krone virka positiv for næringa, men berre i ein fire måneders periode i 2020 (mars−juni). Det synest difor rimelig å konkludere med at endringar i valutakursane ikkje gav monaleg drahjelp på inntektssida til sjømatnæringa under pandemien. Når det gjeld produktartar, viser det seg at eksportverdien av dei viktigste kvitfiskartane auka med knappe 6 % under pandemien. Ei litt lågare eksportmengde vart meir enn kompensert ved prisauke på alle kvitfiskartane, mest på torsk. Det synest rimeleg å konkludere med at pandemien ikkje ser ut til å ha påverka kvitfiskeksporten negativt. Dette samsvarar med resultata presentert i denne analysen.
Ringverknadar
Verdikjeda for klippfisk skapar og ringverknader. Det er gjennomført ei rekkje studiar av verdiskaping og ringverknadar både i fangst og oppdrett (Henriksen mfl., 2011, 2013; Gisvold Sandberg mfl., 2014; Johansen mfl., 2019, 2022; Richardsen mfl., 2018; Richardsen mfl., 2019). Analysane brukar til dels ulike metodar og data (t.d. bedrifts-, rekneskaps- eller nasjonalrekneskapsdata) og med ulike næringsdefinisjonar som kan gjere ei samanlikning vanskeleg. Dei fleste studiene gjeld fiskeforedling gjenerelt, som omfattar mykje i tillegg til klippfisk. Eit generelt resultat er at det synest som om ringverknadane for oppdrett er større enn fiske (Johansen mfl., 2019). Vidare tyder utviklinga på aukande multiplikatorar over tid, mellom anna større «outsourcing» i produksjonen, der ein i stadig større grad kjøper inn tenester og produkt frå anna næringsliv.
Ifylgje Sandberg mfl. (2014), er næringsgruppene som har størst ringverknadar i form av bidrag til brutto nasjonalprodukt (BNP) for den fiskeribaserte verdikjeda varehandel, utvinning av råolje og naturgass (med rørtransport), finansiell tenesteyting og forsikringsverksemd, omsetnad og drift av fast eigedom, detaljhandel (utanom motorkøyrety), reparasjon og installasjon av maskinar og utstyr og land- og lufttransport. Til saman står desse næringsgruppene for over halvparten av ringverknadane. Sjølv om det vil kunne vere skilnadar mellom ulike verdikjeder i fiskerinæringa, er det all grunn til å rekne med at desse næringsgruppene er viktige også for verdikjeda for klippfisk.
Estimata av ringverknadar som vil verte presentert vil soleis berre vere ein indikasjon på kor store desse verkandane er. Ein legg til grunn at for kvar krone i verdiskaping i produksjonsleddet er ringverknadane som fylgjer(6) :
- Fangstleddet 0,30 kr
- Foredlingsleddet 1,09 kr
- Eksport-/handelsleddet 1,20 kr
Det er med andre ord eksport-/handelsleddet som skapar dei største ringverknadene, og fangstleddet dei lågaste. Det er igjen grunn til å understreke at det knyter seg uvisse til desse multiplikatorane, og at dei kan variere frå år til år.
Me vil leggje desse multiplikatorane til grunn for å estimere ringverknadane til verdikjeda for klippfisk. Dette er gjort for 2020 i tabell 8. For 2020 er samla verdiskaping estimert til knapt 3,3 milliardar kr, med knapt 2,1 milliardar kr innan fangst og knapt 1,2 milliardar kr innan foredling og eksport. Ringverknadene utgjer soleis 34 % av den samla verdiskapinga for klippfisk i 2020, og det er ikkje langt unna resultatet til Johansen mfl. (2019), som fann at ringverknadane i verdikjeda for norsk fiskeri var 31 % i 2017. Ringverknadane i verdikjeda til norsk sjømat samla (fangst og oppdrett) var 34 % i 2017.
ttersom det er større ringverknadar innan eksport enn foredling, kan det og tyde på ei viss undervurdering av samla verdiskaping ettersom mange foredlingsbedrifter sjølve er ansvarlege for eksporten.
Når det gjeld ringverknadar i form av sysselsetjing, vert fylgjande muliplikatorar lagt til grunn(7):
- Fangstleddet 0,30 årsverk
- Foredlingsleddet 1,45 årsverk
- Eksport-/handelsleddet 0,90 årsverk
Ein noterer seg at foredlingsleddet har særskilt stor ringverknad når det gjeld sysselsetjing.
Me vil leggje desse multiplikatorane til grunn for å estimere ringverknadane til verdikjeda for klippfisk i form av sysselsetjing. Dette er gjort for 2020 i tabell 9. For 2020 er samla sysselsetjing estimert til vel 4 800 med knapt 2 900 innan fangst og knapt 2 000 innan foredling og eksport. Ringverknadane er 38 % av den samla sysselsetjinga i verdikjeda for klippfisk i 2020. Johansen mfl. (2019) estimerer at ringverknadane i verdikjeda for fiske var 39 % når det gjeld sysselsetjing i 2017, og men heile 52 % i verdikjeda for norsk sjømat (fangst og oppdrett) (Johansen mfl., 2019). Richardsen mfl. (2019) finn og at verdiskaping per årsverk i oppdrett er myke høgare enn for fiske og fiskeforedling.
Når det gjeld den geografiske fordelinga, skjer brorparten av verdiskaping og sysselsetjing innan foredling og eksport i Møre og Romsdal. Når det gjeld ringverknader, er det og grunn til å rekne med at dei og er konsentrert om dette fylket. Derimot når det gjeld fangstleddet, vil verdiskaping og sysselsetjing vere spreidd langs heile kysten utifrå kvar båtar og mannskap høyrer heime.
Det er igjen grunn til å understreke at desse estimata er usikre, men dei er likevel ein indikasjon på dei store ringverknadane i denne næringa. Alt tyder på at dei faktiske ringverknadane kan vere noko større enn dei tala som er presentert her. Det ville vere av interesse å gjennomføre ei analyse av ringverknadar spesifikt for klippfisknæringa.
Sluttmerknadar
Tabell 10 gjev verdiskaping per årsverk for foredling og eksport av klippfisk, fiskeforedling generelt og for Fastlands-Noreg samla. Ettersom mange føretak som produserer klippfisk også er eksportørar, er det rimeleg å sjå på foredling og eksport under eitt.
Verdiskapinga per årsverk innan foredling og eksport av klippfisk varierer sterkt frå år til år i takt med konjunkturendringar. Reduksjonen frå 2019 til 2020 skuldast truleg Covid, men ein kan observere større endringar frå år til anna tidlegare i perioden ut frå generelle konjunkturendringar, det vere seg på produksjons- eller marknadssida.
Det er vidare interessant å leggje merke til at verdiskapinga i denne næringa i alle år er større enn for fiskeforedling generelt. Vidare ser ein at i åra 2010–2011 og 2014 gav klippfisknæringa meir verdiskaping per årsverk enn gjennomsnittet i Fastlands-Noreg.
I tillegg til ringverknadar, kan ein i tillegg i prinsippet estimere sokalla konsumverknader eller induserte verknader. Slike verknadar oppstår som fylgje av lønsinntekter som vert brukt til varer og tenester i hushaldningane. Som vist ovanfor, er det store inntekter som tilkjem dei tilsette, noko som vil gje grunnlag for privatkonsum som vil kunne skape monalege ringverknadar. Induserte verknadar kan soleis ha eit stort omfang for den lokale og regionale økonomien. Når det gjeld lokaløkonomien, må det og nemnast at sjølv om mesteparten av inntektene går til staten, går ein del av skatteinntektene til kommunane. Desse inntektene vil medvirke til finansiering av kommunale tenester og utbygging av lokal infrastruktur.
Når det gjeld kapitalinntekter, er det viktig å minne om at eigarinteressene i denne verdikjeda hovudsakleg er lokale eller regionale. Dermed vil kapitalinntekter også kunne kome lokaløkonomien til gode.
Induserte verknader grunna lønsinntekter, skatteinngang og kapitalinntekter er ikkje inkludert her. Dei ville ha medført høgare anslag av ringverknadane totalt sett. Difor kan våre estimat av ringverknadar betraktast som ei form for minimumsanslag.
Resultata av denne analysen viser at klippfisknæringa gjev stor verdiskaping per årsverk samanlikna med andre næringar i Fastlands-Noreg. Den samla verdiskapinga til verdikjeda for klippfisk er stor, og verdikjeda har stor betydning for sysselsetjing. Vidare ser ein at dei økonomiske tilhøva i næringa varierer frå år til år, både grunna konjunkturar og som ein konsekvens av Covid. Det vil verte interessant å sjå om verdiskaping og eksport vil auke i 2021 og utover. Uansett er det viktig med stabile og gode rammevilkår for denne næringa som er utsett for store endringar i økonomiske tilhøve frå år til år.
Referansar
- Bertheussen, B.A. (2023). Robuste sjømatinntekter også under COVID-19 pandemien. Økonomisk fiskeriforskning, 32:1-2022.
- Bjørndal, T., Ekerhovd, N.A. & Bjørndal, M.T. (2014). Verdiskaping i klippfisknæringa 2011-13. SNF Arbeidsnotat 18/14.
- Bjørndal, T., Bjørndal, M.T. & Ekerhovd, N.A. (2017). Økonomisk analyse av klippfisknæringa. Økonomisk fiskeriforsking, 27:1, 1–13. http://okonomiskfiskeriforskning.no/okonomisk-analyse-av-klippfisknaeringa/
- Bjørndal, T., Brasão, A., Ramos, J. & Tusvik, A. (2016). Fish Processing in Portugal: an Industry in Expansion. Marine Policy, 72, 94–106.
- Gjærde, A. (2015). UNIDOS. I klippfisken tjeneste. Ålesund: Unidos AS.
- Henriksen, K., Gisvold Sandberg, M., Olafsen, T., Bull-Berg, H., Johansen, U. & Stokka, A. (2012). Verdiskaping og sysselsetting i norsk sjømatnæring 2010 – en ringvirkningsanalyse. SINTEF Rapport A23089.
- Henriksen, K., Gisvold Sandberg, M., Olafsen, T., Bull-Berg, H., Johansen, U. & Stokka, A. (2011). Verdiskaping og sysselsetting i norsk sjømatnæring 2009 – en ringvirkningsanalyse. SINTEF Rapport A19673.
- Gisvold Sandberg, M., Henriksen, K., Aspaas, S., Bull-Berg, H. & Johansen (2014). Verdiskaping og sysselsetting i norsk sjømatnæring – en ringvirkningsanalyse med fokus på 2012. SINTEF Rapport A26088.
- Johansen, U., Bull-Berg, H., Vik, L.H., Stokka, A.M., Richardsen, R. & Winther, U. (2019). The Norwegian seafood industry–Importance for the national economy. Mar. Policy, 110, 103561.
- Johansen, U., Myhre, M.S., Young, E. & Richardsen, R. (2022). Nasjonal betydning av sjømatnæringen. Rapport 2022:00876, SINTEF Ocean.
- Johnsen, P.F., Rognsås, L.L., Erraia, J., Grønvik, O., Fjose, S., Blomgren, A., Fjelldal, Ø., Robertsen, R., Iversen, A. & Nyrud, T. (2022) Nasjonale Ringvirkninger av sjømatnæringen i 2021; Menon-Publikasjon Nr. 126/2022: Oslo, Norway, 2022.
- Nyrud, T., Bendiksen, B.I. & Dreyer, B. (2016). Valutaeffekter i norsk sjømatindustri. Rapport 23/2016, Nofima, Tromsø.
- Raggi, P.A., Bjørndal, T., de Camargo, R.P.N. & Pincinato, R. (2016). Brazilian demand for salted & dried cod – the 1989 – 2014 period. Upublisert manuskript.
- Richardsen, R., Grindvoll, I.L.T., Bull-Berg, H. & Vik, L. (2018). Ringvirknings- og verdiskapingsanalyse for norsk klippfiskindustri. Rapport 2018:00013, SINTEF Teknologi og samfunn.
- Richardsen, R., Stoud Myhre, M. & Tyholt, I.L. (2019). Nasjonal betydning av sjømatnæringen.» En verdiskapings- og ringvirkningsanalyse med data fra 2017 og 2018. SINTEF rapport 2019-00469. ISBN 978-82-14-06341-7.
Vedlegg 1. Metode for måling av verdiskaping(8)
Produksjonsverdi er verdien av innsatsvarer i produksjonen pluss den meirverdi som vert skapt. For å finne meirverdi, eller verdiskaping, må ein difor ta omsyn til kostnadar til varer og tenester som går inn i produksjonsprosessen. Enkelt sagt er verdiskaping produksjonsverdi inklusive alle avgifter minus vareinnsats og kapitalslit. Dette er det same prinsippet som vert brukt for å uttrykke verdiskaping som bidrag til brutto nasjonalprodukt (Henriksen mfl., 2012).
I ei verdikjede, som vist i figur 1, vert det skapt verdiar på kvart ledd av kjeda. For å finne netto verdiskaping i eit ledd, må ein korrigere for verdiskaping på tidlegare ledd. Samla verdiskaping i verdikjeda er summen av verdiskaping i dei ulike ledda.
For å finne netto verdiskaping med utgangspunkt i rekneskapstal, kan ein nytte følgjande samanheng:
Netto verdiskaping = driftsresultat + lønskostnader
Denne samanhengen er korrekt dersom avskrivingane er lik kapitalslitet. Verdiskapinga vert delt mellom dei tilsette, staten og kapitaleigarane, dvs. eigarane og långjevarane.
Til dei tilsette
Dei tilsette sin del av verdiskapinga er utbetalt løn etter skatt. For å finne utbetalt løn, må ein gjere føresetnader om skatt på løn og storleiken på arbeidsgjevaravgifta. Arbeidsgjevaravgifta kjem an på kva sone kommunen der føretaket er lokalisert tilhøyrer og varierar frå 0 til 14 %.
Mesteparten av klippfiskproduksjonen går føre seg i Møre og Romsdal der vanleg arbeidsgjevaravgift er 14 %. Vidare går me ut frå ein gjennomsnittleg lønsskatt på 30 %. Med dette som utgangspunkt kjem ein fram til følgjande samanheng(9):
Utbetalt løn = 0,614*Lønskostnaden til føretaket.
For føretak som er lokalisert i kommunar utan arbeidsgjevaravgift eller med 5,1% avgift vert denne formelen justert deretter. Med lågare arbeidsgjevaravgift går meir av føretaket sin lønskostnad til dei tilsette og mindre til staten.
Til staten: Skattar og avgifter
Ettersom praktisk tala all klippfisk vert eksportert, betalar ein ikkje meirverdiavgift. Det offentlege tek dermed inn fylgjande i skattar og avgifter:
- Selskapsskatt av føretaket sitt overskot. Heile selskapsskatten går til staten.
- Arbeidsgjevaravgift. Staten får òg alt av denne.
- Skatt på lønsinntekt. Kommuneskatten er på 28 %; kommunen får 12,8 %, medan fylkeskommunen får 2,65 % og staten får 12,55 %.
Samanhengen vist over mellom lønskostnaden k og netto utbetalt løn n er n = 0,614*k under føresetnad av at arbeidsgjevaravgifta er 14 % og lønsskatten er 30 %. Det betyr at det offentlege under desse føresetnadene får (k – n) = 0,386*k i arbeidsgjevaravgift og lønsskatt. I tillegg får det offentlege selskapsskatt. Dermed vil det offentlege få(10):
Skattar og avgifter = 0,386*lønskostnad + selskapsskatt
Til kapital
Kapitaleigarane får verdiar som i) utbytte, ii) tilbakehalde overskot og iii) finanskostnader, det vil si rentekostnader føretaket må betale långjevar. Tilbakehalde overskott er det som eigarane let vere å hente ut i utbytte. Dette er kapital som går inn i føretaket og medvirkar til å styrke føretaket sin soliditet.
Ein del føresetnader for analysen skal presiserast:
- Fleire føretak produserer ikkje berre klippfisk, men og andre fiskeprodukt især saltfisk. For dei aller fleste føretak sitt vedkomande er det ikkje mogeleg å fordele verdiskapinga på ulike produkt slik at analysane her vil omfatte samla verdiskaping for føretaka(11).
- Dersom føretaket driv både foredling og eksport, er det ikkje mogeleg å fordele verdiskaping på dei to ledda.
- I utrekningane tek ein utgangspunkt i arbeidsgjevaravgift i kommunen der føretaket har sitt forretningskontor. I tilfelle eit føretak er konsern med dotterselskap i andre kommunar med forskjellig arbeidsgjevaravgift, kan ein ikkje ta omsyn til det. Dette vil ha ein viss innverknad på fordeling av verdiskaping mellom tilsette og staten, men ikkje på samla verdiskaping.
Vedlegg 2
Fotnoter
- (1) Etter avtalen med Brasil kan hyse og brukast i klippfiskproduksjon, men frå tilgjengeleg statistikk vert lite, om i det heile noko, hyse nytta av denne næringa.
- (2) Ein har nytta same omrekningsfaktorar som i Bjørndal, Bjørndal og Ekerhovd (2017): torsk 3,65, sei 3,28, lange og brosme 3,40 (kjelde: Fiskeridirektoratet).
(3) Dette er referet i Richardsen mfl. (2018), men utan eksakt referanse til aktuelt nummer av Norsk Fiskerinæring. - (4) Enkelte engrosbedrifter og traderar kan og ha sal av klippfisk til utlandet. Ein har ikkje oversikt over omfanget av det, men ifylgje industrikjelder er det neppe stort.
- (5) Eit produsentselskap og to eksportørar har ifylgje årsrekneskapen positiv produksjonsverdi og verdiskaping, men ingen tilsette. For nokre føretak vert det ikkje gjeve informasjon om tilsette. I enkelte tilfelle kan det vere slik at administrasjon mv. for føretak i eit konsern kan verte utført av andre føretak i konsernet.
- (6) For fangst, eksport og handel legg ein til grunn data frå Henriksen mfl. (2012), for foredling: Richardsen, R. pers.medd. tufta på grunnlagsdata til rapporten Richardsen mfl. (2019).
- (7) For fangst, eksport og handel legg ein til grunn data frå Henriksen mfl. (2012), for foredling: Richardsen, R. pers.medd. tufta på grunnlagsdata til rapporten Richardsen mfl. (2019).
- (8) Dette vedlegget er tufta på Bjørndal, Bjørndal & Ekerhovd (2017).
(9) La x = brutto løn, n = netto løn og k = total lønskostnad. Samanhengen er, med 14,1 % arbeidsgjevaravgift og n = 0,7*x (30 % skatt), x*1,14 = k. Ein får då at n/k = 0,7/1,14 = 0,614. - (10) Dette vert justert for føretak i kommunar som har null eller 5,1 % arbeidsgjevaravgift.
(11) Einaste unntak er Br. Sperre, som gjev sal av klippfisk som del av samla produksjonsverdi (31,1 % i 2017, 27,5 % i 2016, 37 % i 2015, 34,4 % i 2014, 32,6 % i 2013, 32,5 % 2012, 30,3 % i 2011, 28,6 % i 2010 og 29,9 % i 2009). Det er ikkje rapportert i 2018 og 2019, so ein har brukt same fordeling som i 2017. Her vert det gjort føresetnad om at verdiskaping er proporsjonal med produksjonsverdi.