nben

Økonomisk fiskeriforskning

Økonomisk analyse av klippfisknæringa

23.06.2017

Eksportverdien av klippfisk var i 2014 på cirka 3,6 milliarder kroner. Klippfiskindustrien på Nordvest-landet er tyngdepunktet for norsk klippfiskproduksjon og eksport og over 90 prosent av eksporten skjer frå Ålesund. Sjølv om produksjon er konsentrert på Nordvestlandet, kjem store delar av råstoffet frå Nord-Noreg. I 2014 er verdiskaping i verdikjeda for klippfisk estimert til over 4,4 milliarder kroner, av det 2,6 milliarder på fangstleddet og 1,8 milliarder innan foredling og eksport. Verdiskaping per årsverk i klippfisknæringa er større enn BNP per capita for Fastlands-Noreg. Samla sysselsetjing er over 5100 med 3100 innan fangst og 2000 innan foredling og eksport.

Abstract
In 2014, the export value of salted & dried cod was NOK 3.6 billion. If we include salted fish, the ex-port value represents NOK 4.6 billon or 6.6 percent of total fish exports in 2014 which were about NOK 68.7 billion or about 20 percent of fish exports excluding farmed fish. The cluster of manufac-turers and exporters of this industry in the Ålesund contributes considerably to total exports. Even if the production is concentrated in the North-Western region, a large part of the raw material comes from Northern Norway. In this article the value added in the domestic value chain is analysed for 2014. For this year total value added was estimated at more than NOK 4.4 billion, of which NOK 2.6 billion in harvesting and NOK 1.8 billion in processing and exports. Total employment in the value chain is estimated at more than 5 100.

Forfattere: Marianne T. Bjørndal (1), Trond Bjørndal  (1, 2) & Nils-Arne Ekerhovd (1)
1 SNF, Samfunns- og næringslivsforskning AS, Helleveien 30, 5045 Bergen
2 NTNU, Aalesund, Larsgårdsveien 2, 6009 Ålesund

NB Sluttnoter er merket med romertall i parentes i teksten.

Takk
Denne artikkelen er tufta på prosjekt Forskningsrådsprosjektet 233840 – Competion, cluster and market analyses for the salted cod and salted and dried cod industry. Forfattarane takkar ein anonym ekstern fagfellevurderar for gode inspel og kommentarar.

Innleiing
Den norske eksportverdien av klippfisk var i 2014 på cirka 3,6 milliarder kroner. Tek ein med saltfisk, aukar eksportverdien til cirka 4,6 milliarder kr. Samla utgjorde dermed eksporten av klippfisk og saltfisk cirka 6,6 prosent av total norsk fiskeeksport som i 2014 representerte omlag 68,7 milliarder og omlag 20 prosent av fiskeeksporten utanom oppdrettsfisk. Klippfiskindustrien på Nordvestlandet har over tid utvikla seg til å bli tyngdepunktet for norsk klippfiskproduksjon og eksport. Ei nyleg empirisk analyse av Bjørndal et al. (2017) demonstrerer at det er ei klynge av klippfiskprodusentar i Ålesundområdet der produsentar i denne klynga har større verdiskaping enn produsentar i andre delar av landet. Det er denne næringsklynga av produsentar og eksportørar som har de-sidert størst betydning for næringa.

Næringa er viktig for verdiskaping og sysselsetjing. Sjølv om tyngdepunktet for produksjon er på Nordvestlandet, kjem store delar av råstoffet frå Nord-Noreg, slik at næringa er viktig for verdiskaping og sysselsetjing også der. Likevel er kunnskapen om kva verdiar denne næringa skaper avgrensa.

Føremålet med denne artikkelen er å estimere verdiskaping i klippfisknæringa og verdikjeda for klippfisk for 2014. Artikkelen er ei oppdatering og vidareføring av Bjørndal et al. (2014) som analyserte verdiskaping for 2009-13. I tillegg vil ein prøve å gje estimat over sysselsetjinga og ringverknader som næringa gjev opphav til.

Artikkelen er bygd opp som fylgjer. Del ein gjev ei kort oversikt over verdikjeda for klippfisk. I del to vert metoden for måling av verdiskaping presentert. Estimat av verdiskaping og sysselsetjing i næringa vert presentert i del tre. Det vert og gjeve anslag over ringverknader i form av bidrag til brutto nasjonalprodukt og sysselsetjing. I del fire vert det gjeve ei kort oppsummering, inkludert samanlikning av verdiskaping i verdikjeda for klippfisk med fiskeforedling generelt og Fastlands-Noreg under eitt.

Verdikjede og næringsstruktur
Klippfisk vert produsert i Noreg, men omtrent heile produksjonen vert eksportert. Fokus for denne analysen er den innanlandske verdiskapinga, slik at me ikkje ser på kva som skjer etter at ferdigprodukta vert eksportert.

Tabell 4 viser den innanlandske verdikjeda for klippfisk. Det er tale om tre ledd. Fyrste ledd er fangst av råstoff, i hovudsak torsk og sei, men òg brosme og lange. Denne råvara vert levert som fersk eller frose produkt til foredlingsbedrifter, der fisken vert salta og turka til klippfisk. Ferdigprodukta vert deretter eksportert, noko som inneber sal og transport. Desse tre delane av verdikjeda kan verte utførte av ulike føretak, med kjøp og sal mellom dei ulike ledda. Alternativt kan to eller jamvel alle tre ledda utførast i same føretak som då er vertikalt integrerte.

Ei alternativ verdikjede er representert ved saltfiskbedrifter. Deira produkt kan seljast til klippfiskprodusentar for vidare foredling eller verte eksportert som saltfisk. Dette produktet kan verte konsumert meir eller mindre direkte. Alternativt kan det verte turka til klippfisk i utlandet som til dømes er tilfellet i Portugal (Bjørndal et al., 2016). Til slutt skal nemnast at ei rekkje føretak produserer både saltfisk for vidaresal og som innsatsfaktor i eigen produk¬sjon av klippfisk. Det er difor mange «variantar» kring verdikjeda i Figur 1.

Fangst og produksjon
Noreg kontrollerar store og produktive havområde.

Tabell 1 viser fangst av dei viktigaste fiskeslaga nytta i klippfiskproduksjonen (torsk, sei, brosme og lange) landa frå norske farty 2010–2014 (sjølv om hyse kan nyttast til klippfisk, viser statistikk at lite, om i det heile noko, hyse vert nyta av denne næringa). Torsk er det klart viktigaste fiskeslaget med sei som nummer to. I samanlikning er fangstane av brosme og lange rimeleg avgrensa.

Tabell 2 gjev anslag over bruk av råstoff til foredling av klippfisk. Dette er gjort på grunnlag av eksportstatistikken med omrekning til rund vekt. Endring i lagerhald med vidare kan påverke faktisk bruk, men med tal for seks år, skulle tala gje ein rimeleg god indikasjon av situasjon.

Årleg råstoffbruk varierer mellom 294 000–342 000 tonn. Sjølv om ein del av råstoffet kan vere importert, til dømes frå Russland, utgjer leveransar til klippfisknæringa ein stor del av samla fangstar av torsk, sei, brosme og lange. Særleg er dette tilfellet for sei, lange og brosme. Kategorien «Stillehavs- og Grønlandstorsk», som varierer mellom 1 700 og 20 500 tonn, er truleg import. Det er vanskeleg å avgjere graden av utanlandsk fisk i norsk klippfiskproduksjon. Av torsk og torskearta fisk landa i Noreg vert om lag 15 prosent landa av utanlandske farty (kjelde: Fiskeridirektoratet). Vidare gjer bruk av eksportstatistikk at ein ikkje får med innanlandsk konsum av klippfisk. Desse to «feilkjeldene» verkar mot kvarandre. Å ikkje ta høgde for innanlandsk konsum reduserar estimert verdiskaping i høve til den faktiske, medan å gå ut frå at all fisk blir landa av norske farty fører til at estimat for verdiskaping vert for høg i høve til faktisk verdiskaping.

Metode for måling av verdiskaping
Produksjon skapar verdiar. Produksjonsverdi er verdien av innsatsvarer i produksjonen pluss den meirverdi som vert skapt. For å kome fram til meirverdi, eller verdiskaping, må ein difor ta omsyn til kostnader til varer og tenester som går inn i produksjonsprosessen. Enkelt sagt er verdiskaping produksjonsverdi inklusive alle avgifter minus vareinnsats og kapitalslit. Dette er det same prinsippet som vert brukt for å uttrykke verdiskaping som bidrag til brutto nasjonalprodukt (Henriksen et al., 2012; sjå og Dahl & Idsøe, 2016).

Når ein ser på dette i tilknyting til Figur 1, veit ein at det vert skapt verdiar på kvart ledd i verdikjeda. For å finne netto verdiskaping i eit ledd, må ein difor korrigere for verdiskaping på tidlegare ledd. Samla verdiskaping i verdikjeda vil såleis vere summen av verdiskaping i dei ulike ledda.

Når ein skal finne netto verdiskaping med utgangspunkt i rekneskapstal kan ein nytte følgjande samanheng:

Netto verdiskaping = driftsresultat + lønskostnader

Det kan visast at denne samanhengen er korrekt dersom avskrivingane er lik kapitalslitet.

Dei skapte verdiane vert delt mellom dei tilsette som får løn, staten som får skattar og avgifter og kapitaleigarane (eigarane av føretaket og dei som har lånt føretaken kapital). Når eigarane har betalt finanskostnadane, bestemmer dei kor mykje dei vil ta ut i utbytte og kor mykje av overskotet som skal haldast tilbake i verksemda.

Lat oss sjå nærare på kva verdiar dei ulike interessentane vert til del og korleis ein kan finne dei i føretaka sine rekneskap.

Til dei tilsette
Dei tilsette sin del av verdiskapinga er utbetalt løn etter skatt. For å finne utbetalt løn, må ein gjere føresetnader om skatt på løn som dei tilsette betalar og storleiken på arbeidsgjevaravgifta. Arbeidsgjevaravgifta kjem an på kva sone kommunen der føretaket er lokalisert tilhøyrer og varierar frå 0 til 14,1 prosent (sjå Bjørndal et al., 2014). Det meste av klippfiskproduksjonen går føre seg i Møre og Romsdal der vanleg arbeidsgjevaravgift er 14,1 prosent. Vidare går me ut frå ein gjennomsnit-tleg lønsskatt på 30 %. Med dette som utgang-spunkt kjem ein fram til følgjande samanheng (i) :

Utbetalt løn = 0,614*Føretakets lønskostnad.

Skulle derimot arbeidsgjevaravgifta vere 5,1 prosent med gjennomsnittleg lønsskatt på 30 prosent, får ein fylgande samanheng:

Utbetalt løn = 0,666*Føretakets lønskostnad.

Med 6,4 prosent arbeidsgjevaravgift:

Utbetalt løn = 0,658*Føretakets lønskostnad.

Og med 10,6 prosent arbeidsgjevaravgift:

Utbetalt løn = 0,633*Føretakets lønskostnad.

Dette inneber at med lågare arbeidsgjevaravgift går meir av føretaket sin lønskostnad til dei tilsette og mindre til staten.

Det er netto løn etter skatt som dei tilsette har til disposisjon som skapar ringverknader lokalt.

Til staten: Skattar og avgifter
Etter som praktisk tala all klippfisk vert eksportert betalar ein ikkje meirverdiavgift. Me vil difor her sjå bort frå meirverdiavgift. Det offentlege tek dermed inn fylgjande i skattar og avgifter:

I. Selskapskatt på 28 prosent av føretaket sitt overskot. Heile selskapsskatten går til staten.
II. Arbeidsgjevaravgift. Staten får òg alt av denne.
III. Skatt på lønsinntekt. Den såkalla kommuneskatten er på 28 prosent, men kommunen får berre 12,8 prosent, medan fylkeskommunen får 2,65 prosent og staten får 12,55 prosent.

Samanhengen vist over mellom lønskostnaden k og netto utbetalt løn n er n = 0,614*k under føresetnad av at arbeidsgjevaravgifta er 14,1 prosent og lønsskatten er 30 prosent. Det betyr at det offentlege under desse føre-setnadene får (k – n) = 0,386*k i arbeidsgjevaravgift og lønsskatt. I tillegg får det offentlege selskapsskatt. Dermed vil det offentlege få (ii) :

Alle skattar og avgifter = 0,386*lønskostnad + selskapsskatt

Situasjonen er slik at med lågare arbeidsgjevaravgift går meir av føretaket sin lønskostnad til dei tilsette og mindre til staten.

Det er netto løn etter skatt som dei tilsette har til disposisjon som skapar ringverknader lokalt.

Til kapital
Når ein her brukar omgrepet kapitaleigarar, meiner ein eigarane av verksemda pluss even-tuelle långjevarar. Dei får verdiar som fylgjer

I. Utbytte. Det eigarane tek ut i utbytte.
II. Tilbakehalde overskot. Det som eigarane let vere å hente ut i utbytte. Dette er kapi-tal som går inn i føretaket og bidreg til å styrke føretaket sin soliditet.
III. Finanskostnader. Rentekostnader føretaket må betale långjevar.

Etter denne prinsipielle drøftinga, kan me gå vidare og sjå på faktisk verdiskaping.

Verdiskaping og sysselsetjing i verdikjeda for klippfisk
Verdiskaping i fangstleddet
Analysen av verdiskaping innan fangstleddet er tufta på data om leveransar av fisk til saltfisk- og klippfiskproduksjon og dei verdiane denne produksjonen gjev opphav til. Når det gjeld leveransar, andel klippfiskproduksjon og delinga mellom fartygruppene (hav- og kystfiskefarty) henta Bjørndal et al. (2014) inn data frå Noregs Råfisklag og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (SUROFI) (iii)  opp til 2012. Basert på dette har vi oppdatert delane klippfisk i produksjon i og mellom gruppene for 2013 og 2014.  Vidare gjev dei årlege lønsemdsun-dersøkingane til Fiskeridirektoratet informas-jon om talet på farty per fartygruppe, driftsresultat og abeidsgodtgjersle til mannskap per farty.

Lønsemdsundersøkingane gjev òg samla fangstmengd av alle fiskeslag for gruppa. Til slutt, ligg Statistisk Sentralbyrå sin statistikk over eksport av klippfiskprodukt til grunn for våre anslag på råstofforbruk til klippfiskproduksjon (Tabell 2). Analysen av verdiskaping i fangstleddet vart så gjennomført ved å samanhalde desse kjeldene.

I det fylgjande, har ein nytta informasjon frå Bjørndal et al. (2014).  I Tabell 3 viser ein aggregert informasjon om dei samla botnfiskeria i Noreg i form av tal på farty, sysselsetjing, samla fangst og verdiskaping, vidare informasjon på fartynivå (driftsresultat, arbeidsgodtgjersle og verdiskaping). I tillegg gjev tabellen informasjon om leveransar til klippfiskproduskjon i Noregs Råfisklag sitt distrikt til og med 2012, dessutan verdiskaping og fyrstehandsverdi av leveransar til klippfiskproduksjon under føresetnad av at det er proporsjonalt med fangstmegnd levert til dette føremålet.

I perioden har samla fangstmengd variert mellom 643 000–762 000 tonn, medan leveransar til klippfiskproduksjon har variert mellom 208 000–335 000 tonn eller 32–45 prosent av samla fangstmengd. Sjølv med berre kvantum levert til klippfisk i Råfisklagets distrikt kan ein slå fast at klippfiskprodusentar er viktige kjøparar av fisk frå farty som fiskar botnfisk. Ettersom leveransane i Råfisklaget vert samanlikna med samla fangst på landsbasis, utgjer dette nedre grenser for desse leveransane.

Samanliknar ein samla fangstmengd for alle fiskeslag i botnfiskeria (Tabell 3) med råstoffbruk til klippfiskproduksjon (Tabell 2), finn ein at klippfiskråstoff i åra 2009–2014 utgjer 44–51 prosent av samla fangstmengd i botnfiskeria på landsbasis.

Verdiskaping i botnfiskeria av leveransar til klippfisk utgjorde vel 1,2 milliarder kroner i 2009 med ein auke til over 1,8 milliarder kroner i 2011, med ein nedgang til knapt 1,5 milliarder kroner i 2012 og så auke til 1,9 milliarder kroner i 2014.

Basert på same prosentfordeling for verdiskaping som følgje av klippfiskleveransar, oppsummerar Tabell 3 også kva klippfisk utgjer i prosent av sysselsetjinga i botnfiskeria.  Dette utgjer 44–51 prosent av samla sysselsetjing.

Verdiskaping innen foredling
Det er henta inn rekneskapstal NHH/SNF sin rekneskapsdatabase (Berner et al., 2014) som gjev tilgjenge til rekneskap frå Brønnøysundregistera for føretak i klippfisknæringa. I 2014 var det 43 aktive føretak i klippfisknæringa, av det 10 reine eksportørar og 33 føretak som er produsentar, men kanskje og er eksportørar. Det er stor grad av vertikal integrasjon mellom produsentar og eksportørar. Difor er det berre få «reine» eksportørar.

Metoden som lagt til grunn er som skissert i del 2. Frå føretaka sine rekneskap er det henta inn sum driftsresultat og lønskostnader som mål på verdiskaping. I tillegg vert utbetalingar til tilsette, staten og kapitaleigarar estimert, jamfør drøftinga i del 2. Ettersom denne summen er lik verdiskaping inneber dette òg ei kontrollrekning av resultatet.

Ein del føresetnader for analysen skal presiserast:

I. Fleire føretak produserer ikkje berre klippfisk, men og andre fiskeprodukt – i sær saltfisk. For dei aller fleste føretak sitt vedkomande er det ikkje mogeleg å fordele verdiskapinga på ulike produkt slik at analysane her vil omfatte samla verdiskaping for føretaka. I tilfelle der ein har produksjon av ulike produkt, føreset ein at verdiskaping er proporsjonal med produksjonsverd.
II. Dersom føretaket driv både foredling og eksport, er det ikkje mogeleg å fordele verdiskaping på dei to ledda.
III. I utrekningane tek ein utgangspunkt i arbeidsgjevaravgift i kommunen der føretaket har sitt forretningskontor. I tilfelle eit føretak er konsern med dotterselskap i andre kommunar med forskjellig arbeidsgjevaravgift, kan ein ikkje ta omsyn til det. Dette vil ha ein viss innverknad på fordeling av verdiskaping mellom tilsette og staten, men det vil ikkje ha innverknad på samla verdiskaping.

I 2009 produserte 32 føretak klippfisk, men dette auka til 34 i 2010–11, medan 33 var aktive i 2012–2014 (Tabell 4). Produksjonsverdien (salsverdi) auka over perioden frå knapt 4,5 milliarder kroner i 2009 til vel 5,5 milliarder kroner i 2010, knapt 6,0 milliarder kroner i 2011 med ein reduksjon til 5,3 milliarder kroner i 2012 og til 4,9 milliarder i 2013, men med ein auke til knapt 6,1 milliarder kroner i 2014. Dette inneber at produksjonsverdi i Tabell 5 inkluderer annan produksjon enn klippfisk, noko me skal kome tilbake til seinare.

Samla sysselsetjing i perioden varierer mellom 716–839.

Verdiskapinga til desse føretaka utgjorde 511,4 millioner kroner i 2009 eller 11,4 prosent av produksjonsverdien. Dette auka til heile 768,9 millioner kroner eller 13,9 prosent av produksjonsverdien i 2010. Til trass for auken i produksjonsverdi, vart verdiskapinga i 2011 redusert til 712,1 millioner kroner eller 11,9 prosent av produksjonsverdien. Verdiskapinga vart vidare redusert til 359,2 millioner kroner eller 6,8 prosent av produksjonsverdien i 2012. I 2013 auka verdiskapinga til 511,5 millioner eller 10,3 prosent av produksjonsverdien og vidare til 911,5 millioner kroner eller 15 prosent av produksjonsverdien i 2014.

Med omsyn til fordeling av verdiskapinga, gjekk 230 millioner kroner til dei tilsette i 2009 noko som auke til heile 362,3 millioner kroner i 2014. Ein merkar seg at den relative delen til dei tilsette er større når verdiskapinga er min-dre. I 2012 var verdiskapinga på sitt lågaste, ned i 359,2 millioner kroner og dei ansatte fekk då heile 82,1 prosent av verdiskapinga.

Staten får store inntekter frå næringa både i absolutte verdiar og som del av ver-diskapinga. Skatteinntektene kjem an både på lønsinntektene og verdiskapinga, som gjev grunnlag for selskapsskatt.

«Til kapital» varierer med verdiskaping, både i absolutte og relative vedia. Fordeling av «til kapital» er vist i Tabell 5. I to år, 2009 og 2012, er «til kapital» negativ. Dette inneber at kapitaleigarane tilfører midlar til føretaket. Eit noterer og at utbyte som regel er rimeleg lågt medan tilbakehalde overskott dei tre fyrste åra og i 2014 er svært stort. Dette innber at i gode år prioriterer bedriftseigarane å styrke soliditeten til føretaket eventuelt bruke midlar til finansiering av nyinvesteringar.

I vedlegget viser ein den fylkesvise fordelinga av næringa. To føretak høyrer heime i Finnmark og to i Troms; alle andre i Møre og Romsdal. Det inneber at det alt vesentlege av verdiskapinga og sysselsetjing innan foredling skjer i Møre og Romsdal.

Som vist i Tabell 6, er det svært stor variasjon mellom bedriftene. Medan gjennomsnittlig sysselsetjing er mellom 22–25, varierer dette mellom eit minimum på null og eit maksimum på 83. Eit produsentselskap og to eksportørar har ifylgje årsrekneskapen positiv produksjonsverdi og verdiskaping, men ingen tilsette. For nokre føretak vert det ikkje gjeve informasjon om tilsette. I enkelte tilfelle kan det vere slik at administrasjon m.v. for føretak i eit konsern kan verte utført av andre føretak i konsernet. Eigenkapitaldelen er i snitt 0,38–0,40, noko som må karakteriserast som høgt samanlikna med norsk næringsliv generelt. Ettersom produksjon av klippfisk er ei næring med store variasjonar i lønsemd over tid er det viktig med stor eigenkapital.

Figur 2 gjev storleiksfordeling for produsentane. I alle åra har to-tre føretak omsetnad over 500 millioner kroner, og i 2014 hadde eit føretak omsetnad over 1 milliard kroner. I 2014 stod dei tre største føretaka for 47 prosent av omsetnaden. Talet på føretak med omsetnad under 100 millioner kroner er over tid redusert frå 20 til 16.

Verdiskaping innan eksport
Informasjon er tilgjengeleg for 10 eksportføretak (Tabell 7). Deira samla produksjonsverdi auka frå vel 1,4 milliarder kroner i 2009 til knapt 2,3 milliarder kroner i 2011 med ein reduksjon til 2 milliarder kroner i 2012 og omlag det same i 2014. Samla verdiskaping utgjorde i 2009 62,6 millioner kroner, som auka til 65,5 millioner kroner i 2010 og til heile 78,4 millioner kroner i 2011, men med ein reduksjon til 53,3 millioner kroner i 2012 og 52,6 millioner kroner i 2013, men auke til 81,8 millioner kroner i 2014. Relativt sett er verdiskapinga i høve til produksjonsverdi mykje lågare enn innan foredling, noko som er å vente. Alle dei 10 eksportføretaka høyrer heime i Møre og Romsdal. I 2013 og 2014 var samla sysselsetjing omlag 50 (iv).

Eksportføretaka er små når det gjeld sysselsetjing med 3–5 arbeidstakarar per føretak. Eigenkapitaldelen på rundt 40 prosent er høg også for eksportføretak. Når det gjeld storleiksfordeling, stod dei to største føretaka i 2014 for 66 prosent av omsetnaden.

Samla verdiskaping i verdikjeda for klippfisk
Samla verdiskaping i verdkjeda har auka frå 1 786 millioner kroner i 2009 til 2 605 millioner kroner i 2011. Dette vart redusert til 1 910 millioner kroner i 2012, men med ein auke til 2 137 millioner kroner i 2013 og til 2 895 millioner kroner i 2014. I 2014 fordeler verdiskapinga seg med 1 902 millioner kroner på fangstleddet (Tabell 3) og 993,3 millioner kroner på foredling og eksport (høvesvis, Tabell 4 og Tabell 7).

Samla syttelsetjing har minka frå 3 736 i 2012 og har i åra 2009–14 vore omlag 3 200 i gjennomsnitt. I 2014 fordelte det seg med 1 889 innan fangst (Tabell 3) og 887 innan foredling og eksport (høvesvis, Tabell 4 og Tabell 7).

Ringverknader
Verdikjeda for klippfisk skapar og ringverknader. Ifylgje Sandberg et al. (2014), er næringsgruppene som har størst ringverknader i form av bidrag til brutto nasjonalprodukt (BNP) for den fiskeribaserte verdikjeda varehandel, utvinning av råolje og naturgass (med rørtransport), finansiell tenesteyting og forsikringsverksemd, omsetnad og drift av fast eigedom, detaljhandel (utanom motorkøyrety), reparasjon og installasjon av maskinar og utstyr og land- og lufttransport. Tilsaman står desse næringsgruppene for over halvparten av ringverknadene til den fiskeribaserte verdikjeda. Sjølv om det vil kunne vere skilnader mellom ulike verdikjeder i fiskerinæringa, er det all grunn til å rekne med at desse næringsgruppene er viktige også for verdikjeda for klippfisk.

I ein rapport frå SINTEF (Henriksen et al., 2012) vert ringverknader i den fangstbaserte verdikjeda estimert. Dei kjem fram til at for kvar krone i verdiskaping i kjerneaktivitetan er ringverknadene som fylgjer:

Fangstleddet  0,30 kr
Foredlingsleddet  0,80 kr
Eksport-/handelsleddet 1,20 kr

Det er med andre ord eksport-/handelsleddet som skapar dei største ringverknadene, og fangstleddet dei lågaste. Det er grunn til å understreke at det knyter seg uvisse til desse multiplikatorane og at dei kan variere frå år til år. Likevel vil dei kunne gje ein indikasjon på kor store ringverknadene er.

Me vil leggje desse multiplikatorane til grunn for å estimere ringverknadene til verdikjeda for klippfisk. Dette er gjort for 2014, i Tabell 8. For 2014 er samla verdiskaping estimert til over 4,4 milliarder kroner, med 2,6 milliarder kroner innan fangst og over 1,8 milliarder kroner innan foredling og eksport.

Ifylgje Sandberg et al. (2014) har truleg ringverknadene auka over tid. Ettersom det er større ringverknader innan eksport enn foredling, kan det og tyde på ei viss undervurdering av samla verdiskaping.

Henriksen et al. (2012) ser og på ringverknader i form av sysselsetjing. Dei kjem fram til at for kvart årsverk i kjerneaktivitetan er ringverknadene som fylgjer:

Fangstleddet  0,30 årsverk
Foredlingsleddet  1,30 årsverk
Eksport-/handelsleddet 0,90 årsverk

Ein noterer seg at foredlingsleddet har særskilt stor ringverknad når det gjeld sysselsetjing. Igjen er det grunn til å peike på at det knyter seg uvisse til desse mulitiplikatorane som dessutan kan variere over tid.

Me vil leggje desse multiplikatorane til grunn for å estimere ringverknadene til verdikjeda for klippfisk i form av sysselsetjing. Dette er gjort for 2014 i Tabell 9. For 2014 er samla sysselsetjing estimert til over 5 100, med 3 100 innan fangst og 2 000 innan foredling og eksport.

Når det gjeld den geografisk fordelinga, skjer det alt vesentlege av verdiskaping og sysselsetjing innan foredling og eksport i Møre og Romsdal (sjå vedlegg). Når det gjeld ringverknader, er det og grunn til å rekne med at dei er konsentrert om dette fylket. Derimot når det gjeld fangstleddet, vil verdiskaping og sysselsetjing vere spreidd langs heile kysten utifrå kvar båtar og mannskap høyrer heime.

Sluttmerknader
Tabell 10 gjev verdiskaping per årsverk for foredling og eksport av klippfisk, fiskeforedling generelt og for Fastlands-Noreg samla. Ettersom mange føretak som produserer klippfisk også er eksportørar, er det rimeleg å sjå på foredling og eksport under eitt.

Verdiskapinga per årsverk innan foredling og eksport av klippfisk har auka frå 764 000 kroner i 2009 til 1 006 000 kroner i 2011 noko som er monaleg større enn for fiskeforedling generelt. I 2010 og 2011 gav klippfisknæringa dessutan meir verdiskaping per årsverk enn gjennomsnittet i Fastlands-Noreg. Som vist ovanfor, vart verdiskapinga i næringa sterkt redusert i 2012, noko som slår ut i ein reduksjon i verdiskaping per årsverk til knapt 502 000 kroner.

Verdiskapinga auka til vel 642 000 kroner i 2013, ein auke på 28 prosent. Det var vidare ein sterk auke til over 1,1 millioner kroner i 2014, som er over 18 prosent meir enn gjennomsnittleg BNP for Fastlands-Noreg.

Som Sandberg et al. (2014) viser til, kan ein i tillegg estimere såkalla konsumverknader eller induserte verknader. Desse kan ha stor verknad for den lokale og regionale økonomien. Induserte verknader oppstår som fylgje av lønsinntekter som vert brukt til varer og tenester i hushaldningane. Som vist ovanfor, er det store inntekter som tilkjem dei tilsette noko som vil gje grunnlag for privatkonsum som vil kunne skape monalege ringverknader. Når det gjeld lokaløkonomien, må det og nemnast at sjølv om mesteparten av inntektene går til staten, går likevel ein del av skatteinntektene til kommunane. Desse inntektene vil medvirke til finansiering av kommunale tenester og utbygging av lokal infrastruktur.

Når det gjeld inntekter til kapital, er det viktig å peike på at eigarinteressene i denne verdikjeda hovudsakleg er lokale eller regionale. Dermed vil kapitalinntekter også kunne kome lokaløkonomien til gode.

Induserte verknader grunna lønsinntekter, skatteinngang og kapitalinntekter er ikkje inkludert her. Dei ville ha medført høgare anslag av ringverknadene totalt sett. Difor kan dei ringverknadene som er estimert her betraktast som ei form for «minimumsanslag».

Den fisken som vert foredla til klippfisk kunne alternativt vorte nytta til andre produkt, det vere seg saltfisk eller frosenfisk. Det er i prinsippet mogeleg å gjennomføre ei vurdering av kva verdiar dette råstoffet alternativt kunne gje opphav til. Ettersom det ville vere naudsynt med mange føresetnader både på produksjonssida og marknadssida for å gjere dette, vil me ikkje gå vidare inn på det.

Resultata av analysen som er presentert i denne rapporten viser at klippfisknæringa gjev stor verdiskaping per årsverk samanlikna med andre næringar i Fastlands-Noreg. Den samla verdiskapinga til verdikjeda for klippfisk er stor, og verdikjeda har stor betydning for sysselsetjing. Vidare ser ein at dei økonomiske tilhøva i næringa varierer frå år til år.
Dei store endringane i dei økonomiske ramevilkåra som kvoter og prisar både på råstoff og ferdigprodukt viser at det er viktig med stabile og gode ramevilkår for næringa. Som vist i Bjørndal et al. (2016), har Noreg mist marknadsdel både i Portugal og Brasil. Bjørndal & Ellingsen (2015) analyserer ramevilkåra i klippfisknæringa og samanliknar med tilhøva i faktiske konkurrentland som Portugal og Canada og potensielle som Polen. Norsk klippfisknæring er underlagt ei rekkje skattar og avgifter som ein ikkje har i konkurrentland som til dømes lags-, FHF- og eksportavgift. Vidare er det toll ved eksport til EU utover ei tollfri kvote, og dei fleste bedriftseigarane vert ilikna formuesskatt. I tillegg er lønsnivået monaleg høgare enn i konkurrentlanda. Støtteordningar til nyinvesteringar, FoU og eksportkreditt er monaleg betre i EU-land enn i Noreg. Sjølv om norske produsentar og har føremonar som god tilgjenge av ulike typar råstoff av ulike artar og svært stor kompetanse, er likevel konkurransesituasjonen vanskeleg. Det er derfor viktig for næringa i samarbeid med organisasjonane og styresmaktene å arbeide for ei betring av ramevilkåra.

Referansar
Berner, E., A. Mjøs & M. Olving (2014). Rekneskapsboka – dokumentasjon og kvalitetssikring av SNFs og NHHs database med rekneskaps- og føretaksinformasjon for norske bedrifter. SNF arbeidsnotat 9/14.

Bjørndal, T., N.A. Ekerhovd & M. Bjørndal (2014). Verdiskaping i klippfisknæringa 2009-13. SNF arbeidsnotat 18/14.

Bjørndal, T., A. Brasão, J. Ramos & A. Tusvik (2016). Fish Processing in Portugal: an Industry in Expansion. Marine Policy, 72:2016. pp. 94–106.

Bjørndal, T. & C.A. Ellingsen (2015). Ramevilkår for klippfisknæringa. NTNU – Ålesund Working Paper No. 2/15.

Bjørndal, T., E. Nesset & M. Pasquine (2017). «Does proximity add more value? Cluster analysis of the Norwegian salted and dried cod industry.» Arbeidsnotat, NTNU.

Dahl, R. & J. Idsø (2016). Oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane – Utvikling, ressursgrunnlag, verdiskaping og ringvirkninger. Økonomisk Fiskeriforskning, 2016-1.

Henriksen, K., M.G. Sandberg, T. Olafsen, H. Bull-Berg, U. Johansen & A. Stokka (2012). Verdiskaping og sysselsetting i norsk sjømatnæring 2010 – en ringvirkningsanalyse. SINTEF Rapport A23089.

Henriksen, K., M.G. Sandberg, T. Olafsen, H. Bull-Berg, U. Johansen & A. Stokka (2011). Verdiskaping og sysselsetting i norsk sjømatnæring 2009 – en ringvirkningsanalyse. SINTEF Rapport A19673.

Sandberg, M.G., K. Henriksen, S. Aspaas, H. Bull-Berg & U. Johansen (2014). Verdiskaping og sysselsetting i norsk sjømatnæring – en ringvirkningsanalyse med fokus på 2012. SINTEF Rapport A26088.

Vedlegg

Last ned pdf her

Artikkelen tilhører utgave:

Økonomisk fiskeriforskning 2017-1